Tryggheim skular søker byggdrifter/vaktmeister

Tryggheim skular søker ny byggdrifter/vaktmeister i full stilling til driftsavdelinga. I dag er oppgåvene delte mellom fire personar.

Vi treng ein byggdrifter/vaktmeister i opp til full stilling frå 1. august 2023 (eventuelt noko tidlegare).

Vi kan tilby varierte og interessante arbeidsoppgåver:

  • Generelt vedlikehald
  • Feilsøking/reparasjonar på teknisk utstyr
  • Rutinar i høve til førebygging av legionella
  • Oppfølging av SD-anlegg
  • Kontroll av teikningar frå tekniske entreprenørar/VVS-konsulent
  • Kjennskap til Autocad eller BricsCad teikneprogram
  • Oppdatering av planteikningar av bygg.
  • Innregulering av varmeanlegg
  • Rettleie tekniske entreprenørar i prosjekter.
  • Halde kontroll på inneklimaet/følge opp feilmeldingar
  • Samle aktuelle tekniske opplysningar/teikningar i FDV-mappa.
  • Brannøvingar
  • Vaktordning

Har du interesse for og kjennskap til arbeidsoppgåver som dette, då er vi svært interesserte i å kome i kontakt med deg.

  

I tillegg til relevant utdanning og praksis vil det ved tilsetting også bli lagt vekt på personlege eigenskapar. Vi stiller ikkje spesielle kvalifikasjonskrav, men ein nevenyttig person med allsidig erfaring er av interesse. Fagbrev vil vere ein fordel. Lønn etter skulen sitt regulativ.

Den som vert tilsett må ta del i dei sosialpedagogiske oppgåvene og det kristne arbeidet og aktivt kunne fremje målsetjinga ved skulen. Søkjarar må difor dele det kristne livssynet. Misjonssambandets verdigrunnlag ligg til grunn for stillingane.

Den som blir tilsett må kunne leggje fram politiattest, jfr. Privatskolelova § 4-3.

 

Spørsmål om stillinga kan rettast til driftsleiar Per Ivar Wold 51 79 80 10 / 465 08 552

 

Skulen ønskjer i å kome i kontakt med aktuelle søkjarar så snart som mogleg.

Søknadsfrist: 2. mai

 

Søknad og CV kan sendast elektronisk til post@tryggheim.no. Vitnemål og attestar kan takast med ved eventuelt intervju.

Søknad kan også sendast:

Styret for Tryggheim skular

v/rektor

Tryggheimvn. 13

4365 Nærbø

 

Personvernerklæring Vi bruker informasjonskapsler for å gjøre opplevelsen på siden så god som mulig. Ved å klikke på «Ok», samtykker du i bruken av slike teknologier. Mer info