Tryggheim vgs treng lærar i Elektro og datateknologi

Tryggheim treng lærar i Elektro og datateknologi i 100 % stilling frå 15. september 2023 til ca. 1. mars i 2024. Det er eit vikariat, men eit vikariat er ofte ein første viktig kontakt.

Vi søkjer ein person med relevant utdanning innanfor elektrofag.

Ønska kvalifikasjonar

  • Fagbrev innafor elektrofaget
  • Teknisk fagskole
  • Faglærarutdanning innan elektrofag eller ingeniørhøgskole
  • Pedagogisk utdanning
  • Brei praktisk erfaring frå faget

Søkjarar utan nødvendig fagleg-pedagogisk utdanning er også aktuelle.

I tillegg til formell utdanning/praksis vil det ved tilsetting også bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Vi søkjer ein medarbeidar med god fagleg kompetanse, er fleksibel, god til å samarbeide og har eit reflektert forhold til elevar og læring.

Den som vert tilsett må ta del i dei sosialpedagogiske oppgåvene og det kristne arbeidet og aktivt kunne fremje målsetjinga ved skulen. Søkjarar må difor dele det kristne livssynet. Misjonssambandets verdigrunnlag ligg til grunn for stillinga.

 

Den som blir tilsett må kunne leggje fram politiattest, jfr. Friskolelova § 4-3.

 

Spørsmål om stillinga kan rettast til rektor, tlf 51 79 80 00, mob: 40 41 98 42 eller mail: gviste@tryggheim.no eller seksjonsleiar elektro Christian Knoph, mob: 930 50 089 eller mail: cknoph@tryggheim.no

 

Skulen ønskjer å komme i kontakt med aktuelle søkjarar så snart som mogleg.

 

Søknad og CV kan sendast elektronisk til post@tryggheim.no. Vitnemål og attestar kan takast med ved eventuelt intervju.

 

 

Søknad kan også sendast:

Styret for Tryggheim skular

v/rektor

Tryggheimvn. 13

4365 Nærbø

 

Søknadsfrist: 1. april eller snarast

 

 

Personvernerklæring Vi bruker informasjonskapsler for å gjøre opplevelsen på siden så god som mulig. Ved å klikke på «Ok», samtykker du i bruken av slike teknologier. Mer info