Prisar 2023/2024

  • Innmeldingspengar
  • Skulepengar
  • Leige av PC/Mac
  • Internatprisar
  • Depositum
  • Spesialdiett for internatbuarar

 

Innmeldingspengar

Innmeldingspengar kr 1.000,-

Når ein tar imot elevplass, blir dette bekrefta ved innbetaling av innmeldingspengar. Om ein seinare trekkjer seg frå elevplassen, blir innmeldingspengane ikkje betalt tilbake. Innmeldingspengar reknast som ein del av skulepengane og blir trekt frå ved første ordinære faktura for skulepengar.

 

Skulepengar

Staten dekkjer 85% av skulen sine driftsutgifter etter ein normalsats som er rekna ut på grunnlag av driftsutgiftene ved dei offentlege skulane.
Elevane må derfor betala skulepengar for å dekkje nokre av driftsutgiftene.

  Pris per mnd
Skulepengar: * kr  1.700,-
Syskenmoderasjon (fråtrekk i skulepengar) for sysken nr. 2, 3, 4 osv **          kr   - 300,-
Skulemelk (tilbod til heimebuarar) kr       70,-
Tillegg for skuletur (kun Vg2) til Europa: *** kr     650,-
Tillegg for skuletur (kun Vg2) til Israel: *** kr  1.550,-
Påmelding til skuletur Vg2 (betaling i løpet av våren Vg1) - eingongsbeløp: kr  1.500,-

* Innmeldingspengar er inkludert i pris for skuleplass og kjem til fråtrekk på første faktura for august/september.
** Gjeld og for sysken i Tryggheim ungdomsskule.
*** Betaling for skuletur Vg2 vert fordelt over 10 månader (medio august til medio juni). Påmelding til skuletur (eingongsbeløp) kjem i tillegg. Betalingsplan for skuleturar finn du HER

Skulepengar vert fakturert over 10 månader (medio august - medio juni) med forfall 20. i kvar månad.
Første faktura vil gjelde frå medio august og ut september (1,5 månad) og forfell 20. september.

Skulepengar vert fakturert 1/3 månad på forskot og forfell den 20. i kvar månad.
Siste faktura for skulepengar er juni som då er 1/2 månad: 1. juni til medio juni.
For meir informasjon om dato for faktura og betalingsfristar - sjå menyen til høgre: Faktura og betaling

 

Kjøp av skule-PC/Mac

Elevar ved Tryggheim vidaregåande skule får høve til å kjøpe subsidiert berbar PC eller noko støtte til å kjøpe Mac. Kostnad for skule-PC er 3 x lavaste årleg utstyrsstipend frå Lånekassen. Ved bestilling av skule-PC kan ein velja å betala PC over tre år.

Eingongskostnad ved utkjøp av skule-PC (betalast høsten Vg1) kr 3.588,-
Årleg kostnad kjøp av PC fordelt over tre skuleår (subsidiært - må aktivt veljast) * kr 1.196,-

* Årleg beløp tilsvarer den til ei kvar tid gjeldande sats for utstyrsstipend for vidaregåande skule i Statens Lånekasse.

For meir informasjon om skulen sin PC/Mac-ordning: Skulepc VG1

 

Internatprisar

  Pris per mnd
Dublett/einerom i Bjorheim, Solheim og Vestheim kr 7.400,-
Dublett/einerom i Sørheim, Skogheim, Nordheim og Austheim          kr 7.100,-
Dobbeltrom m/dusj og toalett i Nordheim og Austheim kr 6.800,-
Rom i Austheim, felles dusj/toalett i gangen kr 6.500,-


Bruk av vaskemaskin og tørketrommel inngår i prisen.

 

Depositum

Depositum, internat                                               kr 1.000,-

Depositum vert betalt saman med skulepengar i oktober og vert tilbakebetalt ved utflytting frå internatet.

Unormal slitasje/hærverk og/eller unnasluntring av fellesoppgåver kan føre til fråtrekk i depositumet.

 

Behov for spesialdiett for internatbuarar

Behov for spesialdiett (cøliaki o.l.) må dokumenterast ved legeerklæring eller liknande.

Satsar for spesialdiett per skuleår:

  Pris per mnd
Cøliaki kr   800,-
Laktose/mjølkeallergi kr   200,-
Anna diett / Cøliaki utan rett til tilskot: Indiviuell vurdering av pris.  

Skulen tilbyr ikkje spesialdiettar for vegetar- eller vegansk kosthald.