Tryggheim; Ein skule for LIVET!

Det er nå over 100 år sidan Tryggheim blei etablert i 1919, og framleis står skulen stødig med eit stadig veksande elevtal. Opp gjennom åra har tusenvis av elevar blitt utrusta fagleg, åndeleg og sosialt gjennom skule og fritidstilbod her ved Tryggheim Skular. Vårt ønske er å få bety ein forskjell for elevane våre med fokus på læring, vekst og tru.

Ta ein kikk på videoen under for å høyre kva Tryggheim har betydd for nokre av elevane våre.

Tryggheim 2030
For å gi elevane våre ein god kvardag, ønsker me at dei skal få vera på ein skule som er tilpassa dei og som legg til rette for læring og sosial trivsel. I januar 2023 stod ei oppussa kantine med nye møbler klar, til gleda for både elevar og tilsette.

Innan 2030 er ønske vårt at me skal få på plass nytt internat og nytt skulebygg.

For å kunne gjennomføra dette, treng med di hjelp og støtte, først og fremst gjennom bønn. I tillegg kan du gi ei gåve, både for å kunne ivareta det me har, men òg for at skulepengane blir verande så låge at flest mogleg skal få kunne gå her. Som friskule mottek me avgrensa støtte samanlikna med offentleg skule, og sett difor veldig pris på om du har moglegheit og lyst til å støtte oss økonomisk.

Du kan anten bli fast givar, eller gi oss ei enkelt gåve via giversidene våre. På givarsidene kan du velje å gi gåve til dei enkelte prosjekt. Takk for all støtte i form av bønn og gåver!

Vil du gje ei gåve ved betaling til skulens bankkonto kan du få kontonummer frå vår økonomileiar Eivind Svensen på mobil: 905 88 461.

Takk for din støtte i form av bønn og gaver.

«Tryggheim har gitt meg dei beste vennene i livet, det har rett og slett vore dei to beste åra av livet.»
- Mats, Klepp

Komande innsamlingsprosjekt

  • Nytt undervisingsbygg
  • Nytt internat
  • Elevstove
  • Utstyr til trimrom

Tidligare prosjekt

  • 2022: Oppgradering kantine
  • 2019: Nye klasserom, grupperom og matsal
  • 2016: Ungdomsskule - byggetrinn II
  • 2015: Utvidelse naturfagavdeling og skolekjøkken
Personvernerklæring Vi bruker informasjonskapsler for å gjøre opplevelsen på siden så god som mulig. Ved å klikke på «Ok», samtykker du i bruken av slike teknologier. Mer info